James Williamson

James Williamson

Fødd29. oktober 1949 (74 år)
Castroville i Texas i USA
FødestadCastroville
FødenamnJames Robert Williamson
OpphavUSA
Aktiv1966–1980, 2009 til i dag
SjangerProtopunk, garage rock, hardrock, glamrock, punkrock
InstrumentGitar
Tilknytte artistarThe Stooges, Iggy Pop
PlateselskapColumbia, Bomp, Radar
Verka somMusikar, låtskrivar, gitarist, produsent, lydteknikar
Sambuar medCyrinda Foxe

James Robert Williamson (fødd 29. oktober 1949) er ein amerikansk gitarist, låtskrivar, plateprodusent og lydteknikar, som er mest kjend som medlem av rockebandet Iggy & The Stooges.

Seint i 1970 vart Williamson med i The Stooges som andregitarist. Han spelte den første konserten med dei den 5. desember 1970. Bandet kjempa då med dopproblem og mangel på kommersiell suksess. Bandet måtte ut i ein lengre pause kort tid etter han kom inn i bandet. I 1972 tilbaud David Bowie Iggy Pop og James Williamson ein sjanse til å spele inn musikk i London, og då dei ikkje klarte å finne andre musikarar, kom brørne Ron og Scott Asheton, som hadde vore med i bandet tidlegare, inn att i bandet. Ron Asheton flytta då frå førstegitarist til bassist. Williamson var medlåtskrivar i lag med Iggy Pop på alle songane på albumet dei spelte inn, Raw Power, som kom ut i 1973. Han spelte høgare og råare enn dei fleste andre på denne tida.

Den eksplosive og aggressive gitarspelinga til Williamson på Raw Power har ofte vorte omtalt som ei stor inspirasjonskjelde på den blømande punk-rørsla på midten av 70-talet.[1] The Smiths-gitarist Johnny Marr sa «Eg er den største tilhengjaren hans. Han er like teknisk dyktig som Jimmy Page utan å vere for studioorientert, og har spankuleringa til Keith Richards utan å vere slurvete. Han er både demonisk og intellektuell, nesten slik ein kan tenkje seg Darth Vader ville høyrst ut om han var i eit band.»[2]

  1. «James Williamson: 'Key To That Record Was We Had No Supervision' | Interviews @». Ultimate-gitar.com. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 14. oktober 2011. 
  2. Interview, The Guardian, 11. mars 2010: http://www.guardian.co.uk/music/2010/mar/11/iggy-and-the-stooges-raw-power

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy